Inge Kaldhol 70 år
Vår alles kjære Inge Kaldhol fyller 70 år den 17.oktober. Pensjonist frå butikken der du arbeidde heile livet (for nokre år sidan), og no fyller du aktive dagar med fast dugnad på Kjeldsund, fjellturar, misjon, besøk til hytte og born og barneborn rundtom i landet og mykje anna. Vi er heldige som har deg og er glade i deg. Takk for at du alltid stiller opp om vi treng hjelp med noko. Varme helsingar frå alle dine, mor Borghild, kone Sonja, born Anne Elisabeth, Inger Helene og Anders, svigerson Bjørnar og barneborn Ingebjørg, Brage og Olav og resten av familien
Publiseringsdato 17.10.2026